Flott reiseskildring fra Lars Nessa


Hjelpesendingstur til Russland 24.05 – 02.06.19

Eg hadde den store gleda å få vera med på denne hjelpesendingsturen til Russland.

For meg var dette ein ny erfaring då det var første gongen eg var med på ein slik tur.

Me var eit fint reiselag på 40 stk. med Steinar som den erfarne og solide reiseleiaren.

For meg som i ei årrekke har budd i Aust Finnmark og har eit spesielt forhold til nordområda, var det flott å oppleva måten Steinar på bussturen fekk formidla den store betydninga kristenhovdingar frå våre naboland har hatt på kristenlivet i Norge : Carl Olof Rosenius i Sverige og Lars Levi Lestadius i Finland.

Det var ei stor spennvidde i alle opplevingane me fekk ta del i : frå alle barna på dei forskjellige barneheimane som fekk hjelp, til ungdommar med rusproblem som budde på Nytt Liv Senteret i Kotly og dei eldre som fekk ein verdig alderdom på Eldresenteret i Taitzy. Det var flott å oppleva kor mykje arbeid som var lagt ned i framføring av diverse opptrinn for oss besøkjande. Dette viser at besøket blei sett stor pris på av russerane.

Som diakonutdanna ligg det nært hjarta mitt at det evangeliske- og diakonale arbeidet får gå hand i hand. Arbeidet som Hjelp til Russland driv, er eit godt eksempel på dette. Omsorg ,praktisk og materiell hjelp blir ein døropnar for evangeliet. Ja det var flott å oppleva kor opne folket var for den kristne forkynninga, kor raskt dei responderte på innbyding om forbøn. Me opplevde store forsamlingar. Ein fantastisk anledning til å nå ut med evangeliet om Jesus Kristus. Så må det vera ei bøn ,at dei som var med å be Frelsesbøn, får hjelp til å gå på Himmelvegen vidare saman med Jesus.

Det var imponerande å sjå kor mykje som er oppnådd og sjå så mange prosjekt som Stiftinga har fått vera med «å så inn i» Det er fantastisk kva ein kan oppnå ved målretta innsamling av pengar frå mennesker som blir tent for denne gode saka.

Vyborg og Karelen er eit spesielt område historisk som tidlegare finsk territorium. Det var fint å oppleva at det finske språket ennå er i bruk og at Steinar med sitt morsmål kunne kommunisera på ein måte som rørte meg.

At me og fekk eit møte med det jødiske miljøet i Vyborg gir eit heilt spesielt perspektiv over ein slik tur : å få vera med å oppmuntra og visa omsorg for denne jødiske minioriteten som representant for Guds utvalgte folk, er stort.

Turen gav så mange inntrykk og det trengs tid å fordøya alt. Difor hadde det vore fint med ein ny tur for å gjenoppleva ,få hjelp til å la inntrykka festa seg meir og få sjå utviklinga vidare.

Ikkje minst er det spennande å sjå utviklinga vidare rundt barnebyen «Vårsol» og det jordbruks- og utdanningsprosjektet som skal etablerast der. Dette og viser noko av den store breidden i arbeidet Hjelp til Russland driv. I tilegg til å oppleva barnebyen og det fine bedehuset Vårsol, fekk me sjå ein ny driftsbygning for oppdrett av kylling og eit drivhus som var under oppføring. Så flott at stiftinga og satsar på jordbruk , praktisk opplæring og ein god plass for arbeidstrening.

Det var så fint å sjå kor takknemlege russerane var, kor stas det var at me kom på besøk. Det var tydeleg at her var det sådd mykje godheit opp gjennom åra. Gåver som blei gitt vitna om dette. Sterkt å få vera saman med alle ungdommane på Nytt Liv senteret og takknemlege mødre som hadde opplevd at deira ungdomar hadde fått ein ny start i livet.

Sjølve turen er jo ein turistatraksjon i seg sjølv med den fine overfarten med Silja Line frå Stockholm til Helsinki. Å få oppleva St. Peterburg med sine fantastiske byggverk ,ikkje minst Vinterpalasset, var ei storslått oppleving.

TAKK til leiarar, sjåførar og elles kvar og ein i reisefylgjet for ein minnerik tur. Takk for det gode åndelege og sosiale fellesskapet , og ikkje minst TAKK til Herren som velsigna og heldt si vernande hand over oss på turen.

Lars Nessa