Jenteforeining i Fitjar støttar Hjelp til Russland (april 2019)


Til Hjelp til Russland

Jenteforeining feira 60 års jubileum med basar til inntekt for Hjelp til Russland.

Jenterforeininga vart starta i 1959 av to unge damer Bertine Sætre og Solveig Fitjar, som samla fleire jenter i heimane og dei fekk mat, kjeks og alltid kakao. Dei lærte å strikka og sy. Det vart svært populært å koma på foreining og dei samla så mange at dei etter 1982 fekk fast foreiningsrom i det nye bedehuset på Fitjar. Nå har barn og barnebarn vore aktivt med og det er fortsatt svært populært. I dag er det Alice Lønning Haukeland, Randi Eiken Brekke, Karine Tveit Lillenes og Ida Marlen Stokken Havn.

På lørdag 23.03. var Fitjar Bedehus mest heilt fullt og jentene hadde laga og fått inn svært mange gevinstar. Først var det flott song av jentene som nå er i foreininga, så var det andakt av Birgitte Drønen Brenne og så song Fitjar Barnegospel tre songar. Deretter tok basaren til med sal av årar og trekning. Matpause med kaker, saft og kaffi. Det vart endå ein omgang med åresalg og til slutt trekning på hovudbok.

Jenteforeininga frå Fitjar Bedehus sender kr 35 000 til Hjelp til Russland.

Med helsing

Jenteforeininga Fitjar Bedehus

Song av jentene i Jenteforeininga i Fitjar Bedehus

Song av Fitjar Barnegospel med leiar Randi Eiken Brekke

Frå forsamlinga i Fitjar Bedehus 23.mars 2019